Hardangervidda 2012

§

Vilt, vakkert og vått.

Eidfjord og Hardanger var eit naturleg utgangspunkt for the Dale Oen Experience sin første tur. Tolv utvalde skuleungdomar frå Hordaland fekk ei oppleving heilt i Alexander og Robin Dale Oen si and.

Å leve av og med naturen.

Som då ein la seg i soveposen på leirplassen ved Tinnhølen på Hardangervidda laurdag kveld, etter ein ni timar lang fjelltur og middag tilberedt på primus. Ei fantastisk kjensle, var alle einige om, men kanskje enno viktigare var innsikta om at ein ikkje skal ta noko for gjeve.

Dale Oen Experience handlar om råskap  – men alltid med kontroll. Viljen til å presse grenser skal aldri gå så langt at det går utover sikkerheita.

Tåke, regn og hagl hindra ikkje deltakarane

nå Skytjedalsvatnet.

Sikkerheitsinstruksjonar blei gjennomgått og poengtert før ungane fikk sette i gong med klatring, padling og å lage mat på primusen. Grunnlaget for meistring var gjeve.

Då ein hadde gjort unna 2,5time og 700 høgdemeter av den planlagte turen til Rembedalskåka turisthytte tok ein også i bruk ein fjellvettregel: Det er ingen skam å snu.

På den skarpe stigninga opp til Skytjedalsvatnet hadde ein allereie opplevd alle årstider. Ein starta i vårleg frisk luft som igjen blei avløyst av sol og varme sommaren verdig. Lenger opp i fjellet ville det sedvanlige septemberveret også vise seg fram, og då regn blei til hagl der snøen framleis låg på bakken hadde turdeltakarane fått ein smak av vinter.

Men veret knekte ikkje viljen til dei tolv ungdomane. Sjølv med sekker som for dei fleste vog 20 kilo eller meir på ryggen (for somme auka det kroppsvekta med sikkert 50%), og trass i småskavankar som overtråkk og gnagsår kom dei seg opp alle som ein.

At ein måtte gå ned att derifrå, istaden for fram til det opprinnelege målet, hindra ikkje at meistringskjensla voks fram i både den eine og den andre. Sjølv dei som var mest skeptisk då stien tilsynelatande gjekk rett opp frå første steg til ein stod ved Skytjedalsvatnet tre timar seinare var strålande nøgde då ein til slutt hadde kome seg ned ein annan veg enn den ein gjekk opp.

Totalt tok toppturen ni timar, og med ein topp på omtrent omtrent 900 meter over havet var det dei færraste av tur-deltakarane som kunne sei dei hadde vore med på liknande i spektakulær vestnorsk natur.

Her har den kjekke ungdomen nådd toppen – med 20 kilo på ryggen.

Meistringskjensla hadde dei allereie fått oppleve tidlegare under dagane i Hardanger.

Opp her skulle deltakarane i

Dale Oen Experience klatre.

Som då fleire av ungane klatra til topps i klatrefjellet i nærleiken av Hardanger Natursenter i Øvre Eidfjord, utan å ha drive noko med klatring tidlegare. Samtlege kom seg mykje lenger opp i fjellsida enn dei hadde gav uttrykk for dei kunne før dei starta.

Somme var sikre på at dei ikkje skulle flytte seg ein meter oppover fjellsida – dei var sikre på at klatring det var for vanskelig for dei.

Sjølv dei som ikkje kom seg heilt til topps fann fotfeste der dei aldri tidlegare hadde hatt.

Alle er seg sjølv nærast, og alle er dyktige på ulike ting. I teamet tilknytt Dale Oen Experience har ein ekspertar på friluftsliv, klatring, symjing og padling.

Slik er det også for ungane. Somme meistrar enkelte ting betre enn andre – heilt naturlig.

For enkelte var padlinga langt meir spanande enn klatringa. Dels fordi ein meistra det betre, dels fordi bølgjene gjorde det heile til ei ekstra utfordrande reise på Eidfjordvatnet.

I stadig tiltakande vind guida padleeksperten (tidlegare topp-padlar Mats Møller Christensen) dei unge ut i grøne tomannskajakkar. Til slutt blei vinden så sterk, og bølgjene så store, at om dei unge skulle padle måtte det vere med ein leiar i båten.

For dei som kom med Mats i kajakken var det ikkje så farlig, han er ekspert. Verre var det for Sofie som sat i båt med Terje. Terje er ein habil friluftsmann og har padla mykje, men i det dei skulle padle bort dit det var mest bølgjer kom det ei bølgje som var nok til å sende dei to rundt og ned i vatnet.

Det var då ein såg kvifor det skulle vere med ein vaksen, som har erfaring med kajakkpadling i ein viss sjø. Terje sørga for å få den unge turdeltakaren i kajakken att, medan han styrte seg sjølv og kajakken til land. Flytevestane var på, og andre var heller ikkje langt unna så det var aldri reell fare på ferde.

Padling i naturskjønne Eidfjordvatnet – før vinden og bølgjene tok heilt overhand.

Det var likevel ikkje den einaste hendinga utanom det vanlige. Å møte bilar på dei smale vegane opp Hjølmodalen til Hjølmoberget er ikkje berre berre, i alle fall ikkje når vegkanten gir etter, og bilen brått står fast i grøfta.

At Robins Land Rover Defender har kraft nok til å dra bilen ut av grøfta eksemplifiserer førebuingane til turen: ein var klar for det meste.

Om alle ungdomane var klare for å bere telt, soveposar, primusar og kasseroller til leirplassen ein halvtime unna er litt meir usikkert, men også her kom meistringskjensla snikande.

Å lage eigen mat ved hjelp av primus krev planlegging og forsiktigheit, men alle dei tre telta, to jentetelt og eit gutetelt skjøna raskt korleis primusen fungerte, og korleis nytte seg av hjelpemidla dei hadde til å lage ein smakfull rett.

Med berre ei varmekjelde måtte det balanserast: skal ein koke risen først eller steike kjøtdeigen? Og når kjem grønsakene inn i bilete?

Lage mat sjølv? – Ikkje noko problem!

Våte tilhøve prega heile helga. Sjølv om ein var relativt sett heldig med været, kom det ei og anna byge som sette tøy og humør på prøve. Å kle seg i fjellet, og å ha tørt skift var noko dei fleste lærte tydinga av rett raskt.

Meistring var eit viktig stikkord denne helga i Hardanger.

Det å få i gong bål var heller ikkje berre-berre då alt som var av ved og andre ting å fyre med var gjennomvått. Etter lange og iherdige forsøk, tålmod må til også her, fekk ein tilslutt eit skapeleg bål. Trikset å byrje med tørr bjørkebark, såkalla never, på små kvister og greiner og så byggeopp til eit større bål sakte men sikkert sit nok støypt i minnet på alle dei som måtte vente på å kjenne varmen frå flammane, i den kalde våte haustkvelden.

For somme blei det å få fyr på eit bål eit mål i seg sjølv – noko dei mest ihuga meistra.

Ein skal ikkje ta det for gjeve at ting går lett. Og sjølv om dei fleste tykte at det å kome i soveposen kvar kveld var varmt, godt og deilig – reflekterte nok dei fleste over at kor heldige ein er med ei god seng heime til vanlig.

Eller det å kunne bruke eit toalett istaden for villmarka sine fasilitetar.

Kor heldig vi er som har det vi har, og kva vi eigentlig kan få til om vi bestemmer oss for det – og hjelper kvarandre. Kor mykje kos som er i eit nytend bål, og kor mykje selskap som  er i tre andre i eit lite telt.

Allereie første kvelden gjekk praten livlig mellom dei 12 deltakarane, som med unntak av to var heilt ukjende for kvarandre før reisa.

Ein av dei uttalte følgjande til ein anna i lavvoen alle ungdomane sov saman i siste kvelden:

– Det er sjukt kor godt kjend ein blir med kvarandre på ein slik tur. Det verkar som eg har kjend deg heile livet.

Deltakarane på Dale Oen Experience sin første tur fekk ei rekke aha-opplevingar.

Dei er berre dei første av mange.

Leirplassen for dei to første kveldane.