Femundsmarka 2012

§

Femundsmarka. 573 kvadratkilometer nasjonalpark der reinen vandrar rundt beina dine, og møter med moskusar ikkje er uvanlig.

Med Norges nest største innsjø, Femunden, like ved har området alt The Dale Oen Experience leitar etter.

Man hadde ikke Femunden for seg selv. Reinen ville også bade.

Urørt natur, der ein kan boltre seg fritt i, men respektfullt ovanfor, moder natur.

Nokre timars biltur frå Oslo leia følgjet på 14 unge og sju vaksne til Langen Gård, utgangspunktet for firedagars-ekspedisjonen i eit av Norges vakraste, og villaste område.

Det var ikkje eit kva som helst slags følgje – det var eit følgje med noko av det beste Norge har å by på i alle variantar. Ikkje berre har Dale Oen Experience dyktige og trygge instruktørar, med seg å turen hadde vi også dyktige og læreviljuge ungdomar som ikkje var redd for å ta ei utfordring.

Variasjonen i gruppa var også stor. Frå juniorlandslagsutøvarar i symjing frå vestlandet, til ungdomar fødd og oppvekst i storbyen  Oslo. Frå røynde friluftselskande ungar som hadde vore i naturen mange gongar tidlegare, til dei som for det meste hadde sitte inne – eller bedrive tida si med kultur- og/eller idrettsinteresser.

Felles for dei alle var at dei fekk bryne seg på ting dei ikkje kunne frå før.

Og meistre ting dei kanskje ikkje trudde dei kunne.

En stk fornøyd instruktør Terje og

deltaker Frida etter elvekryssing!

Som då dei to minste jentene på turen, Silje og Frida, kryssa elva kun ved hjelp av to tynne liner over det iskalde, buldrande vatnet. Det var nokre minutt med stotring og usikkerheit for dei fleste før dei ga seg ut på det heile. Dei fleste var skeptisk, men alle som prøvde klarte det. Somme var til og med tøffe nok til å prøve å flytte seg attende over elva – berre hengande opp ned.

Vading i elva sine strie straumar vart også utforska, og sjølv om det var kaldt var energien ein fekk frå det å klare å kome seg over – ved hjelp av kløkt og kunnskap, nok til å halde varmen fram til ein kom til bålet.

Det å tenne bål blei ein ny slager. Som under førre tur var jokkastikken borna fekk utdelt i flittig – og nyttig bruk. Det å tenne bål i tøffe verforhold er ein viktig del av det å overleve i naturen, og under overlevingskurset med Espen, ein av Norges fremste på området blei det opplæring i korleis lage seg eit bål.

Innsamling av tynn bark – never, småpinnar og evt. større ved var ikkje noko problem. Då fekk borna prøve å leike seg med jokkastikken.

Leik i seg sjølv var det mindre tid til.

Før ein kan kose seg, må alle plikter gjerast. Skjønt, om det var plikt eller kos å padle på Femunden, frå Langen Gård til Nordvika, for å finne staden ein skulle slå leir er vel eit definisjonsspørsmål. Sjeldan er naturen vakrare.

Naturen er vakker, men også ugjestmild. Det å kle seg riktig blei eit gjennomgåande mantra frå instruktørkorpset – og borna lærte litt etter litt.

Juniorlandslagssvømmer Ole Martin Bjørlykke er vant til litt varmere vann enn dette

Sjølv det å sove ute siste natta, under open himmel og utan telt, var uproblematisk. Soveposane var gode, ungdomane var opplært i korleis ein best kan få ly av fjelldukar, og alle hadde mat i magen.

God lokal og kortreist mat.

Fredag var det reinsdyrkjøtet i pitabrød med tilhøyrande grønsaker. Reinsdyrkjøtet var frå lokalt fanga vilt, og kom i heile ribbesider. Nokre av ungdomane fekk i oppgåve å reinske kjøtet frå bein og sener, medan andre fekk i oppgåve å steike og tilberede det på primusar.

Lagarbeid var det også under ein annan middag. Då var det ryper på menyen, og rypene kom daude, men fullt påkledd. Instruktør Tor viste korleis ein gjer opp ei rype, før alle fekk utdelt kvar sin fugl.

Dale Oen Experience slo opp leir i Femundsmarka

Deltakarane gjekk til oppgåva med varierande iver, men etter å ha kome seg over den første kneika der det var litt ekkelt var det snart kulden på fingrane som var det verste. Det var fleire fuglar til overs og Mathias blei rypeslaktingskongen, med sju oppgjorte fuglar – offisiell Dale Oen Experience-rekord.

Å ete mat var dei fleste med på, men det å rydde opp etter seg var ikkje noko som gjekk automatisk. I naturen er det enda meir viktig å fjerne rusk og rask og rot – det høyrer rett og slett ikkje heime der. Ingen av borna fekk nokon dag gå og legge seg før maten var rydda, primus-kasseroller og –panner vaska. Slik må det berre være.

Moro skal ein likevel ha det.

Dei færraste såg gleda i gåturen attend