Dale Oen senteret ligger som kjent på Herdlevær. Vi skal her hjelpe barn og unge å finne vikingen sin i seg. Dette sier vi ofte med slagordet; Find Your Viking.
Det er ikke tilfeldig at Dale Oen senteret er nettopp her og at vi benytter dette slagordet. Herdlevær og området rundt på vestsiden av Oni har sterke røtter til vikingetiden.

Les mer i teksten skrevet av Aud Karin Skagen om dette spesielle området:
Øyane Herdlevær og Skogsøy ligg på vestsida av Oni. – Heilt ute i havgapet, der skumsprøyten kan stå over brenningar og nakne svaberg når vêret står på. Utanfor ligg fiskegrunnene på rekkje og rad; Børsklakken, Nordre Seiskallen, Søre Seiskallen, Vardegrunnen, Jonsskallegrunnen, Oddegrunnen, Storeskallen, Grunnskallen, Laurdagsskallen med fleire.

Historisk fiskevær ved skipsleia mot vest
Frå Hjeltefjorden via nordre og søndre Straumesundet og Geitingen går det fleire båtleier rett til havs. Vikingene nytta desse leiene enkelte ganger når dei skulle til Shetland eller Island.
Egil Skallagrimson vitja i 934 Herdlevær, og før han rømde til Island reiste han nidstong på Hesthaugen og sa fram dette: ”Her setter eg nidstang, og vender nidet mot kong Eirik og Dronning Gunhild.”
Sommaren 1263 reiste Håkon Håkonson med ein stor flåte denne vegen til Shetland.
Som navnet Herdlevær seier har dette vore fiskevær under kongsgarden på Herdla i historisk tid.
Det er ikkje usansynleg at kongen gjennom sine lokalkjende stormenn organiserte det store fisket som gjekk føre seg her, både til hushaldet på kongsgarden og for viare salg til andre.

På slutten av 1700-talet og byrgjinga av 1800-talet hadde kjøpmannshuset Amelen, i Bergen, garden.
I dei fyrste tiåra etter 1800 vart dei fleste brukarane sjølveigare på Herdlevær.
Ved Grunnesundet på austsida av Herdlevær er det god hamn, og her er det mange sjøhus.

Skogstuva utkik og méd
Frå Skogstuva er det utsikt i alle retningar. Herfrå kunne det haldast oversikt når det kom innsig av fisk, og herfrå hadde ein oversikt over båtar som var på havet like utanfor.
Tidlegare var det restar etter ei hytte på Skogstuva. Vaktmannskap hadde utkikk etter framande skip og passa på vardane som skulle tennast når fienden nærma seg land.
Nordvest for Skogstuva ligg der ein god fiskeplass for både sei og torsk. Denne finn ein ved å ha Skogstuva i siktelinje mot sørenden av Brakstefjellet.

Fjæremannshus
I Breiviksundet ligg ennå to sjøbuer, dei liknar på dei gamle fjæremannshusa. Fjordfolket hadde særskilde fiskarhus langsetter heile havgarden. Fjæremannshusa sto rett ovanfor flodmålet. Berre på Herdlevær/Skogsøy stod det 20 slike fiskarhus i 1840-åra. Det skal ha vore mange fleire tidlegare. Fjordfolket kom til havs etter fisk, men øygardsfolket fekk fara inn i fjordane og henta heim jordbruks og skogbruksvarer. Fiskarane budde i desse buene under vinterfisket. Fjæremannshusa på Herdlevær/Skogsøy var eigde og brukte av folk på Toska, Manger, Solend, Kartveit, Husebø og Skjellanger. I Skogsøy stod fiskebuene til folk frå Torska i Manger.
Det skal ha stått seks fiskebuer igjen til slutten av 1800-talet, då dei vart rivne.
Fjæremannshusa var bygde av tømmer med bordkledning og tekte med never og torv. Dei hadde to rom. Eit forrom eller skut der dei hadde brensel, kaggar og tønner til å salte heimfisk i, og rom for klær og fiskegreier.
Stova var både opphaldsrom og soverom med kokeomn, langbord og benkar. På båe langsider var briskar eller sengjer i 3 høgder. Eit båtlag var vanlegvis på 6 mann. Vindauge var det i eine gavlen og ein glugge i utedøra.
Eigarane av husa betalte ikkje grunnleige etter det vi kjenner til.

Kastevåg
I Breiviksundet, sundet mellom Skogsøy og garden Breivik, ligg ein spesiell kastevåg der fiskarane mellom anna tok sild med landnot. Lengst sør i sundet ligg utsiktsposten Tempel`n midt i sundet ligg ein steinsett kastegard som vart nytta til stenging av sundet.

Link: http://www.coast-alive.eu/node/12398